mandag 16. april 2018

Blocks, scraps, Netflix...



More work on my scrappy log cabin blocks. I have added 2,5" stripes on two sides. 
And I have made some "slabs" in grey scraps, 12,5", with a touch of other colour.
And I have made one new row on the Row by row project (photo from web).
And finally some more blocks on Patchwork City.

Dette første biletet er henta frå nettet, det viser Row by row-prosjektet som nokre av oss jobbar med saman, via hobbyugla.no og facebook. Ei rad pr. md. Vi har sydd 4 rader til no. Den siste eg laga er nytt for meg, ein tredimensjonal pinwheel. Artig. 
Men først viser eg framgongen på dei scrappy logcabin-blokkene mine. Eg ønskte å ha ein breidare kant på blokkene før samansying, så eg har lagt til 2,5 inch rundt 2 kantar, nokre lyse, andre mørke. Så får vi sjå kva det blir til. Eg ser for meg eit lunt ute-pledd.
Eg held fram med avskjær-syinga. Det er utan tvil grått eg har brukt mest dei siste åra. No lagar eg såkalla slabs, fantasiblokker, eller "nytt stoff" som det og blir kalla. Eg avsluttar dei på 12,5 inch.
Nederst er 4 nye blokker frå Patchwork City samsying på facebook.

Nederst ein Netflix-serie eg har kosa meg med...















Dette er ein skikkeleg feel good-serie på Netflix. Anbefalast som lett underhaldning. Eg har sett alle 4 sesongane, og håpar det blir laga fleire!
Lori Loughlin, Jack Wagner, Daniel Lissing, and Erin Krakow in When Calls the Heart (2014)

mandag 9. april 2018

Improv, scraps, play...




 This cushion is Victoria Findlay Wolfe's pattern from her book Modern Quilt Magic.

I påska blei det litt jobbing med avskjæra mine. Eg slit med å finne eit godt norsk ord for scraps...
Uansett, eg har store mengder avskjær i posar og boksar både her og der. Dei eg har teke føre meg, er dei nyaste. Det er litt artig å sjå kva typer stoff og fargar eg har brukt mest, og kva som nesten er fråverande... Eg er blitt meir og meir begeistra for å blande inn einsfarga stoff (solids), dei framhevar fint mønstra stoff. Eg likar og veldig godt å improvisere, legge vekk linjalen, og riktig kose meg. Det er mindfulness av god vare!


Link to Oh Scrap!
Link to Monday Making

Modern Quilt Magic


 Something old and something modern... 



Improv, slabs, playing, learning new skills...


 Blocks made from scraps and no ruler until the final cuts...










Sorting some scraps by colour







This book from Cindy Grisdela is very informative and full of inspiration!

Artful Improv: Explore Color Recipes, Building Blocks & Free-Motion Quilting










mandag 2. april 2018

Barnedåp!


I dag har vi feira Noah sin dåpsdag. Det har vore ein fantastisk dag. Eg fekk vere fadder, og var med i koret i kyrkja, svært høgtideleg! Dagen blei deretter feira i barnehagen der mora er barnehagelærar. Med mange smårollingar var det midt i blinken...





Eg er så utruleg takknemleg for dei to flotte døtrene våre som vi fekk som babyar frå hi sida av kloden,  og alt det gode dei har bidrege med i familien vår opp gjennom åra.  
Eldstejenta har gitt oss 3 gode barnebarn, Aron, Isak og Noah.


Tanta fekk vere fadder og.
Ho er utdanna hovslager, og driv sitt eige firma.


søndag 18. mars 2018

Patchwork City

 New sew along project on Facebook and Instagram! 

#scandinavianmodernquilters #smqsewalong #patchworkcitysewalong2018 (international non stress group)

Denne helga har eg fått sydd mine første 6 blokker frå boka til Elizabeth Hartman som heiter Patchwork City. Eg har alltid vore ei "block lady" sidan eg begynte med denne hobbyen. I starten var det Civil War- stilen som opptok meg mest, og eg har liggande uferdige prosjekt (nesten ferdige) både Dear Jane og Civil War sampler. Det store skillet kom med blogg og kontakter både fjern og nær. Det førte meg inn på lista til Jennifer Chiaverinni og sying av Sylvia's Bridal Sampler. At eg greidde å gjere heilt ferdig det prosjektet, ser eg framleis på som ei bragd. Etter det kunne ikkje mykje vere vanskelegare... Gamlebloggen min har mykje om denne prosessen.
Seinare har det vorte fleire samplar quilts og block of the month. Den kjekkaste var Tula Pink City sampler.
No er eg altså i gong med ein annan sampler. Eg har ikkje planer om å sy alle blokkene. Eg har begynt på starten av boka. Her skal ein ha det kjekt. Velge blokker som er kjekke og gir meg glede. 
Eg prøver å få med meg fleire på samsying, og er spent på responsen frå ei sysamangruppe eg har skipa til på facebook på gruppa Moderne Skandinaviske Quiltere.


Sitat frå boka til Elizabeth: "Making a sampler quilt is a long-term project, and I encourage you to embrace that fact. We all have projects that need to be completed on a deadline, but this should not be one of them. Embrace the idea of making a quilt that is for you and is a reflection of your favorite things. Consider each block as its own composition and take the time to choose fabric thoughtfully. It will take as long as it needs to. Build your very own patchwork city!"

Kathy, these blocks are machine sewed, but very slow and contemplating in process:))



Forest Park


Donut Shop


Crosswalk


Intersection


Intercom


Transit center



Desse stoffa kom frå Northern Quilts. Ja, av og til må ein berre over bekken etter vatn..
Kona cotton og Lotta Jansdotter-stoff.
Eg supplerer med det eg har av scraps i korger og skuffer, på bord og benkar...


mandag 12. mars 2018

Bag making!


Some bag making this weekend. A ufo and a no-ufo. The last big bag is not new, and here it is filled up with quilts for show and tell. The bag was a kit from the Norwegian designer Liv Aagot Syse, some years ago.

No i helga har eg sydd ferdig to vesker. Den øverste er kanskje ikkje heilt ferdig. Eg hadde for lite hankewebbing i same farge, og trur nok at eg kjem til å skifte ut eine hanken når eg får tak i meir... Dette skulle i utgangspunktet bli ein løpar frå eit kurs for fleire år sidan. No tykte eg det passa meir til eit vårleg nett. Bakgrunnsstoffet er lin. 

Den neste veska er den såkalla Veskekurven. Eg blei faktisk veldig fornøgd med denne! Men neste gong eg syr veskekorga, kjem eg til å forlenge den litt og kanskje tilpasse breidda ved hankane til hankane...

Den nederste digre veska var ein kit eg kjøpte frå Liv Aagot Syse for fleire år sidan. Denne er ikkje ny. Eg fekk litt sjokk då eg sydde den, for eg tykte den var megastor..., men du verden kor praktisk den er, ikkje til dagleg bruk, men til dømes når ein skal ha med mykje på vis og fortel i klubben!