søndag 3. desember 2017

Advent 2017

In this blog post I promote three interesting designers. Check the links and use the translator for my blog post.
I link to Kathy's Quilt on Slow Sunday Stitches. My slow stitches this Sunday are bindings on some Christmas projects.

Første søndag i advent allereie. Vi har hatt nokre flotte vinterveker med kulde. Denne helga er det mildver igjen. Mørketid er det uansett.

Eg har mange ting på gang på syrommet, og her er nokre ting som faktisk er ferdige. Eplegryteklutar etter Rannveig frå  Timotei sitt mønster. Ho er veldig flink til å lage enkle og lettfattlege og skikkelege mønster! I tillegg er dei ikkje dyre. I mylderet av designerar er ho av desse årsakene blant dei beste etter mitt syn. Skulle ønske ho kunne kome med fleire mønster oftare!


Ein annan designar, amerikansk, er Sara frå Sew Sweetness. Ho har eit sett med mønster på pungar/vesker som ho kallar Minikins. Her er ein av pungane eg har laga, I spy pouch. 
Desse skal eg sy fleire av før jul, har eg tenkt...


Eg fekk augene opp for Sara heilt tilfeldig på Facebook. Der har ho ein video av denne veska laga av lukkekantar. Eg brukte Civil War-lukkekantar som eg samla på for lenge sidan.
Du finn videoen på lenkja over.



Sandra frå Cherry Heart er ein engelsk designar som kanskje er mest kjend for hekling er den tredje designaren eg har jobba med denne førjulsvinteren. 
Dette teppet blei ferdig i går. Eg har slanka garnlageret mitt med 700 gram!

Dette var eit utruleg kjekt prosjekt. På facebookgruppa A Spicier Life Quilt Along finn ein bilete og mønster. Nokre har laga teppet i ein farge, og det er heller ikkje dumt. Då slepp ein all trådfestinga...
Teppet er ikkje spesielt stort, og nokre deltakarar på alongen har laga kvar mønsterrabatt lenger.






Det kom ei sending frå Island!

I fjor hadde vi besøk av nokre slektningar av Jostein, som vi aldri hadde helst på før. Sjølv om vi sleit litt med språket, var det eit utruleg kjekt bekjentskap. Stor var overraskinga då vi fekk ein diger pakke i posten, dette er berre eit utval av innhaldet. Jakker og genserar i Loopi, reknar eg med. Det er til å miste både mål og mæle av!


6 kommentarer:

  1. Fine og koselige grytekluter. Vakkert hekleteppe. Forstår det ble mange ender der, ja. Og for ei fantastisk gave! Kan bli målløs av mindre.

    SvarSlett
  2. Hi,
    Beautiful bags, love the crochet blanket, very pretty.
    Have a great day!

    SvarSlett
  3. Beautiful crocheted piece love those colors in your blanket, The bags are quite nice you sure have a lot going on in the sewing room. Love those Fair Isle sweaters.

    SvarSlett
  4. Så mye fint du har laget, og takk for tips om designere med gode og billigere mønster. Flott heklearbeid også, og så heldig som fikk så mye fint fra Island. Ønsker deg en god adventstid! :-)

    SvarSlett
  5. Ih hvor er du flittig i syværelset og med hæklenålen :-). Så mange fine ting.
    Knus
    Anne-Mette

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!