søndag 21. januar 2018

Kurshelg i GLQ!

Først bilete av dei to nye "I spy pouches" som eg laga sist veke. Dette er mellomste storleik. Meir om Sara Lawson sine minikins i tidlegare innlegg.

 Sjekk nåleputa inni, den har eg fått av Turid Bakken. Den passar perfekt til dei syltynne, eksklusive knappenålene. 



 I helga har eg vore i lag med gode syvener i Gloppen og fått innsprøyting av VitaminQ (Hanne Schneider sitt uttrykk for kviltevitaminar...)

Denne gongen var det Helle Løvenskiold som var kursleiar. Tema var Learning Curve Ruler av Linda Warren.




 Mine produkt denne helga (ei blokk gløymde eg visst å ta bilete av..)
Her er stoff av Tula Pink og Carolyn Friedlander m.a.



Eg var heldig og fekk ekstraundervisning i ein annan linjal. Denne var faktisk ny for Helle. Men butikken vår, Fantasi, har den på lager. Dei har også fleire fine mønster, link.   Denne linjalen er ein skikkeleg poppis blant såkalla moderne kviltarar i inn- og utland for tida. Helle las seg opp på hotellet, og hadde god oversikt. 

Classic curve ruler frå Color Girl Quilts.



Meir om kurshelga på bloggen Gloppetausene.


2 kommentarer:

  1. Ser ut til at de hadde det skikkeleg gøy. Blir kjekt å sjå meir av det du har sydd/skal sy etter dette kurset. Flott at du bruker nåleputa. Ja eg veit at mine nåleputer er ekstra gode for tynne nåler.

    SvarSlett
  2. Dette kurset så veldig kjekt ut. Her var mange flotte blokker. Kjekt å starte året med kurs og vitamin Q påfyll. Jeg måtte også inn å se på hobbybutikken deres: Makan har jeg knapt sett. Her var mye av det meste innen hobby. Kjekk mappe øverst! Greit å kunne se innholdet. Ser en fin nålepute også. :-)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!