fredag 9. mars 2018

Vårleg løpar og ein ny butikk!

A new runner for spring, Norwegian pattern.

Eg har sydd ein vårløpar, mønster kjøpt på Fantasi. Eg er ikkje så glad i å applikere, men når ein får tak i skikkeleg papir, går det lettare...




Biletet vart teke på marsmøtet til  Gloppen Lappe- og Quilteklubb. Klikk på lenkja og sjå kva vi viste fram denne kvelden.


FANTASI AVD. NORDFJORDEID

Denne veka opna Inger Karin Grov sin andre Fantasi-butikk. Eg er så stolt av henne, nabojenta som eg hadde som elev på Rygg skule i si tid! Ho og ektemannen Ronny Husevåg (Ronny Rør) har  skapt fleire arbeidsplassar, og det står det respekt av i desse tider. Vi er heldige som har slike nisjebutikkar i nærleiken!
På biletet er Inger Karin til venstre, og til høgre er Aslaug Alsaker, butikkmedarbeidar, no tilsett på Eid-avdelinga. Aslaug er absolutt rett dame på rett plass, masse erfaring og skikkeleg serviceminded.

GRATULERER OG LUKKE TIL!

Fantasi har og ein innhaldsrik nettbutikk, Hobbyugla.


Alfred Bjørlo sitt bilete.

1 kommentar:

  1. Veldig fin løper, og den blir fin å bruke i vår og sommerhalvåret. Godt verktøy er halve jobben, sies det. Bra du fant et godt applikasjons papir. Så kjekt med ny hobbybutikk. God helg! :-)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!