søndag 6. mai 2018

More of the same, scraps, fabric, birds, kids

More scrap busting. I have a plan!

Eg er framleis i avskjær-modus, og lite anna blir sydd. Eg ønskjer meg verkeleg ein designvegg!

Denne veka har klubben vår hatt utstilling på Sandane senter, dette i høve 20årsjubileet. Vi har lotteri som skal avsluttast i august, der inntekta går til krisesenteret i Florø.



Denne maksiveska er mi, og grei til utstillingstepper mm.
Meir om utstillinga på bloggen til Gloppen Lappe- og Quilteklubb.


Eg har svært mykje civil war  reprostoff i skuffene mine. Dei er framleis kjære for meg, men eg ønskjer å selge unna. På facebookgruppa Quilteutstyr mm har eg lagt ut ting for sal. Kik gjerne om der er noko som kunne freiste. Der er m.a. 2 heile KITS, seier ikkje meir...


Litt nytt kjem inn. Eg kjøper mest lokalt sjølvsagt, men har god kontakt med Helene Juul i Danmark, som har mykje moderne stoff. Til høgre er nokre nye av Alison Glass (batikkar).
Det er i det heile svært begrensa kva eg kjøper av nye stoff no. Men det blir ein del vatt o.l.!


Konfirmasjon i Kjølsdalen i går, eg nøyer meg med dette biletet av to grandnieser, Anne og Sarah, som bur langt frå kvarandre, men som er bestevener!


Tenksom kar i vippestolen. 


 Litt meir frå fuglelivet utanfor kjøkenglaset. 
No er det høgsesong med fuglesong om kvelden, det er flottaste tida på året!




1 kommentar:

  1. We have had only few birds at the feeder during the winter months, but suddenly more birds have come. I think they enjoy some "fast food" while they are busy courting and building their nests!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!